Ved bestilling av time eller kurs er bestillinga bindande.
Betaling av pakkar
Pakkar blir betalte før første del av pakka blir brukt, med mindre ein annan betalingsplan er avtalt skriftleg. Ved delbetaling skal beløp og betalingsfristar gå fram av avtalen. Eleven kan også velje å kjøpe timar og kurs enkeltvis til oppgitte prisar.
Avbestilling må skje så tidleg som mogleg, og seinast 24 timar før avtalt tid. Ved for sein avbestilling eller manglande oppmøte kan timen/kurset bli fakturert.
Eleven må møte presis og vere skikka til å gjennomføre opplæringa. Dersom eleven ikkje kan gjennomføre timen på ein trygg og forsvarleg måte, kan trafikkskulen avbryte timen.
Til køyretimar må eleven ha gjennomført trafikalt grunnkurs, eller ha annan gyldig førarrett/øvingstillating. Eleven har ansvar for å møte med gyldig legitimasjon når dette er nødvendig.
Roset Trafikkskule kan flytte eller avlyse timar/kurs ved sjukdom, tekniske problem, vêr/føre eller andre forhold som gjer det uforsvarleg eller upraktisk å gjennomføre opplæringa.